Søk

Medlems logg inn



Ettersøksregisteret

Banner
Banner
Kommentar til ettersøksordningen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Administrator   
onsdag 14. oktober 2009 13:48

Sjur Dale, leder av Sogndal Ettersøkslag, har sendt oss flg kommentar til Magne Kloksets betraktinger vedr ettersøksordninga i Norge fra 1990 til 2009

Medlemsbladet ”Ettersøkshunden” nr 2/2009

Magne Kloksets artikkel ”En oppsummering/tanker om ettersøksordninga i Norge fra 1990 til 2009” er svært godt og klart skreve.

Som leiar i Sogndal ettersøkslag og aktiv på fylkesnivå med arbeid av ny ettersøksorganisering, finn eg det svært interessant det du skriv. Sjølv ser eg det slik at dei tradisjonelle hjortefylka må nå ta skeia i si eiga hand og øva påtrykk inn til NKK og NJFF. Det går eit klart skilje mellom søk etter elg/rådyr og hjort. I våre trakter har vanlegvis kvar ekvipasje ein – 1 – hund. I elgdistrikta operar jaktlaga ofte med fleire hundar og kvart lag har tilgang til godkjende hundar. Hjå oss er det lengre mellom godkjende hundar som er røynde med reelle ettersøk. Bratte vestlandslier stiller større krav til velutrusta ekvipasjar med god kondisjon, fandenvoldsk staheit og høg innsats. Dette er ingen sportssporprøve med håp om premiering. Det er opp bratta, like gale og endå verre nedover til fjorden, kryssing av store steinrøysar med glatt og blaut mose før ein rullar sidelengs under skredbjørkene og mellom brennenesle for så å kasta rifla kjapt til aksla før dyret forsvinn medan ein tek nytt ladegrep.
Trefte eg?
Kor langt må me no gå før neste sjanse melder seg?
Kva med ansvaret å få dyret herifrå? Det er ikkje mi plikt, men eg hjelper ein einsleg jeger.
Korleis kan eg og hunden bli betre?
Eg bør absolutt skyta meir ståande! Klart: I hovudsak skal eg berre trena ståande skyting!
Skotstadundersøking kan eg trena saman med andre.
Sporskotrening er godt for hund og førar. Varier spora og trena jamt.

Kvar står NJFF i arbeidet med ettersøksordninga?
Når tid skreiv dei sist fem ord om ettersøk etter hjort på vestlandet?

I juni 2009 tilbaud eg NJFF å koma kostnadsfritt for og presentera eit undervisningsopplegg på 150 PowerPoint bilete som eg har gjort etter økonomisk støtt frå VOX (www.vox.no)
NJFF takka nei og svaret var: NJFF har som du vet utarbeidet flere kursmoduler som våre instruktører kan bruke når de skal holde kurs i ettersøk, alt etter på hvilket nivå kurset skal være. I tillegg kommer vi til å gjøre en del i forhold til ”individsporing” og da med spesiell vekt på rovdyr.”

Undervisningsopplegg med copyright til alle bilete ville bli NJFF si eige gratis.

De i NSHK gjer ein framifrå jobb!

Rudi Sønnervik, Birger Hogrenning, Lidvin Hage og meg vil prøve få til ei styrking av heile ettersøksordninga i fylket vårt.

Sjur Dale
Sogndal

LAST_UPDATED2